onsdag 24. oktober 2012

Stopping av sokker og fotballkort

 Då har eg stoppa min første sokk....Slik går det når ein først er starta å strikke sokkar,
då må dei gjerne stoppast òg.....
Denne var det i grunnen ingen veg utanom, då den knapt hadde vore i bruk før snuppa klarte å rive hol i den..... Men den blei liggande ganske lenge før eg tok mot til meg å prøvde på stoppinga i dag.
Veit jo i prinsippet korleis det skal gjerast, men til å få det ut i praksis er noko anna!
Men faktum er at det gjekk jo ganske så bra!
Skal tru om den ville blitt godkjend av beste- og oldemødrene våre som nok var kløppere på slikt!?
Men dei hadde nok undra seg litt over stoppesoppen min....
Der måtte eg finne meg ein vaskeball....
For stoppesopp er vel ikkje noko daglegdags duppeditt i dei moderne heimane lenger,
med vårt bruk og kast samfunn......?
 

Då får eg tru sokkane kan brukast ein stund til...

 Tek med eit fotballkort som vart laga til ein bursdag nyleg
Ja, veit at det vart ein merkeleg kombinasjon i dette innlegget, men pytt!

Fotball-føtter-sokker
(stopping-raudt kort)
 
Joda, fellesnemnaren er der!
Med pengelomme på innsida, som sjølvsagt er det mest praktiske til tolvåringar...

Ha ein fin dag! 
Her skal det ryddast, strikkast og ellers berre nyte fridagen!


1 kommentar:

  1. Det der fikk du bra til! Sokken er så god som ny :) - og det er bram for de sokkene du strikker er lekre!

    klem

    SvarSlett