tirsdag 11. desember 2012

Desemberbloggsyndromet...

 Desember er verkeleg månaden for bloggtørke... Ikkje det at det ikkje blir produsert noko, men det er jo meir eller mindre håplaust å få tida til å strekke til!
I fleire dagar har eg hatt som mål å prøve å få til eit innlegg, og i kveld var det berre snakk om å prioritere hardt...
Eg hadde ein plan om at eg skulle vere komen så langt med juleførebuingane til no at det berre skulle vere å kruse inn i desember----HA-HA!!! SNAKK OM OPTIMIST!!!!
Øverst er raggsokkar som eg strikka til snuppa no i slutten av november. Ho proklamerte at ho ikkje hadde fleire tjukkelabbar som passa, og eg som strikkar til andre kan då ikkje ha ei dotter som er sokkelaus!!!! Det får då vere grenser, så då var det berre å hive seg rundt sjølv om andre juleproduksjonar stod i kø....
Med raggegarn og pinner 4,5 gjekk det heldigvis unna!

 Av og til må ein ta seg eit pust i bakken, og første helga i desember var vi så heldige å verte inviterte til "fjells" på heimelaga, steinovnsbakt pizza, dessert, og bading i stampen! Det var min dyktige kollega Mariann som stod for oppvartninga, og då er det berre å nyte, for ho er heilt rå på den slags!
Det vart ein nytelsens kveld, 14-15 minusgrader ute, men varme  både i stampen og hos vertskapet;
 så her blir vi teken godt vare på!

 Det er jo slett ikkje alt som kan bloggast om i desember heller, sjølv om ein hadde hatt tid...
 Men tek med nokre få "til-frå lappar". Har laga nokre stykker etterkvart, men dei fleste er laga litt enkle i år, dette er dei få eg faktisk har måla motiv på...

 På  søndag rakk eg å få laga meg dørkrans, mellom lefsebaking og anna.
Då var temperaturen litt meir human ute og det var berre å nytte seg av det å komme seg ut. 
Det er ikkje så festleg å stå ute i minus 12 grader å binde krans, så eg hadde nesten trudd at det ikkje blei naturkrans på døren i år, så det vart jo reine bonusen at eg fekk gjort det likevel!
Kransen er laga på eit halmhjarte, surra fast eine, tyttebærblad og lerkekonglar. Litt dårleg bilete, var finare i verkelegheiten!

Til sist har faktisk underteikna prioritert å strikke eit par halsar til seg sjølv!!!
Den blå var ein test med noko restegarn (Topp til tå og Drops kid silk) og det gjekk så bra at det var berre å lage ein til i samme slengen.
Den grå er strikka med Pumo Metallic frå Rauma (sølvtråd i, viser ikkje så godt på bilete) 
Begge i perlestrikk på pinnar nr.9. La opp 115 maskar og strikka rundt.
Kjempedeilige halsar i kulden! :)
I morgon er det fridag og det skal bakast noko meir. I tillegg håpar eg snart å vere ferdig med innpakking og julekort, og kanskje følgje opprinneleg plan om å SENKE skuldrane! :)
Ønsker ein fin førjulstid!

3 kommentarer:

  1. Berre griselekkert, Anita! :) Om du stresser, så lager du alt så flott og gjennomført at det er ei fryd å se. Nydelig dørkrans, den flotteste jeg har sett. Flinke og kreative du! Sokker er et must og du kan ikke ha på deg at egne ikke holder varmen på beina, thihi! ;)

    Nydelige halser. Liker slike prosjekt, herlig garn og tykke pinner og så blir de gode bruksplagg! Det går kjapt også, ikke dumt det heller :D

    Nyt julestria, må du ikke slite deg helt ut!!

    Stor juleklem,
    Eli Kristin

    SvarSlett
  2. Kjempefin hals. Hvor mye garn går det med til Pumo halsen?
    ;o)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei! Eg brukte ca 1 1/2 nøste! Det er eit dyrt garn, men når ein ikkje brukar meir vart det ikkje gale i det heile! :)
      Lykke til!
      Anita ;)

      Slett