fredag 15. februar 2013

Papirpose

 Lenge sida det har vore eit innlegg relatert til papir/kort her hos meg,
så no var det på høg tid!
Eg har vore litt treig med sjølve innlegget òg, for det er allereie eit par veker sidan
denne fulgde med ein bursdagsgåve.

 Posen er laga med scrappeark i frå botnen av og pynta med diverse stæsj,
stjerner er jo i vinden som aldri før, så dei måtte i bruk.
Fargevalet og stjernene er ikkje tilfeldig då bursdagsbarnet sjølv nett hadde 
investert i i litt nytt i heimen i desse fargane og med stjerner sjølvsagt,
og sjølve gåva var òg i samme gata....  :)





 Ei ugle måtte også til skal ein vere oppdatert på siste skrik  ;)
Sjølve posen er fyllt med god sjokolade.

Baksida, med helsing.


Då er eg klar for nokre dagar vinterferie, men først er det fredagskvelden 
som skal nytast i fulle drag :)

1 kommentar:

  1. Den var nyyydelig og det som var oppi fall også i smak, er av ein eller annan grunn blitt vekke!!? Tusen takk for skålene også, dei er superfine og er blitt brukte :))

    Klem Mariann

    SvarSlett