torsdag 31. oktober 2013

Halloween ☠

 ☠
 Då er feiringa i full sving!
Her i huset er det laga til ein liten venne-halloween-fest.
Utkledning, gå ein runde i nabolaget og så inn å kose seg med godteri,
 pizza, muffens og spel!



 -og mor har førsøkt seg på "skummel" baking!
Ikkje det mest vellykka eg har vore borti, men...
Muffensene vart omtrent 1cm(!) høge når dei var ferdig,
men var visst godkjende på smak....

Desse her hadde eg det meir moro med! ;)
Lagde dei i går, og ingen visste om dei, så i dag fekk ungane kvar si 
i matboksen og mor koste seg stort! hi-hi...
 (på jobb fall dei òg i smak! )
Fingerkjeks i ordets rette forstand!
Mandelen som negl løsna når dei kjølna, så løsningen vart å feste med 
bringebærsyltetøy! 
Eg hadde ikkje tatt med i beregningen at dei estse slik ut, dei var tynnare 
heksefingrer før dei vart steikt, men kanskje ikkje mindre ekle etterpå...
Oppskriften fann eg etter googling på nett.
Ha ein SKREMMANDES aften!

1 kommentar:

  1. Så kjekkt med Halloween fest med masse goddis.
    Men de fingerkjekksene så skikkelig " diskøsting" ut.....men det er vel det som er meningen på en sånn dag.

    Klem,Kjersti

    SvarSlett