søndag 24. november 2013

✪ Neonlue med vri ✪

 Lue med vri etter oppskrift fra Litlo & Kalen

Mønsteret går slik (kopi frå Litlo & Kalen):

 Strikkefastheten er på 20-22 masker og anbefalt pinnenummer 3,5 til 4.

Legg opp 76 (68 er brukt på barnestørrelse) masker laust på rundpinne nr. 4. Start direkte på mønsterrapporten (v = vrang og r= rett) og strikk så langt du ønskjer. Mine huer er om lag 25 centimeter lang når fellinga startar.
Felling: strikk to og to masker saman i to omgangar, klipp av tråden, snurp saman og fest tråden.
v r r v
v r r v
v v r r
v v r r
r v v r
r v v r
r r v v
r r v v
Strikkediagrammet skal lesast i same retning som du strikker. Det vil sei at diagrammet vert lest nedanfrå og opp og at du begynner første linje frå høgre mot venstre.
*
 Eg endra litt på masketall då det vart for lite med det som stod i mønsteret.
Eg valgte neongarn "Standard No.1" Det er eit 100% akrylgarn. Vanlegvis ikkje eit førsteval hos meg med akryl, men var ute etter neonfarge i denne tjukkelsen, så då fall valet på dette garnet, 
og det er iallefall kløfritt!  ツ
Her hos oss i Førde sel dei det på Bokuben/Panduro
Eg måtte legge opp 84 masker på pinne nr 4
Synast passformen på denne huen er ganske så fin, så no har eg ein på pinnene til meg sjølv, 
men i eit anna garn, så får eg håpe den blir bra òg!

 Jenta mi er modell, men huene skal under eit juletre.... hysj...
Om du strikker av denne oppskriften link gjerne til opphavskvinnen;

Her er førjul-stemningen så smått begynt å snike seg inn i huset...
Har faktisk fått unna litt julebakst dei siste dagane, 
så då kan eg kose meg med god samvittighet med strikketøyet
I år har eg sett adskilleg lavere krav til meg sjølv når det gjeld alt som skal
forberedast til jul, det blir nok mindre heimesnikra på alle måter, 
ingen deltakelse på messer og då forhåpentleg mindre stress!
Litt heimelaga blir det under treet, men berre som attpåting eg har lyst
 og tid til å lage framover, med andre ord; berre kos!
Så gjenstår det å sjå om planen held...hi-hi ツ

2 kommentarer:

  1. Spreke julegaver!☺
    Deilig med lave krav og senkede skuldre. Kos deg i adventstida!☺
    Flotte kort i innlegget under også☺

    SvarSlett
  2. Så knallfine luer og pannebånd i knæsje farger. Liker disse luene sååå godt og så er det god passform på de.
    Kjekkt å lese at andre også senker kravene i førjulstida.
    Har bakt lefser i dag så det er no gjort :) viktig å kose seg litt også i adventstida.

    Klem fra Kjersti

    SvarSlett