onsdag 21. mai 2014

Årets konfirmasjonskort

 Det blir visst veldig langt mellom innlegga her for tida, men det tyder eigentleg berre på
at vi har hatt mykje fint vêr! :) Blir ikkje til at eg set meg inne med data og redigering når det er så fint ute, så då blir blogging vekkprioritert.
Men her er i allefall eit glimt av årets konfirmasjonskort.

Korta er laget med plass til penger.







Tar med dette òg, eit vanleg kort i mindre størrelse.


mandag 21. april 2014

Turen går til Gulefjellet

 I dag vart det stølstur til Gulefjellet i Holsen. 
(Heldige er vi som kan nyte siste dagen i påska med fjellheimen rett ut forbi 
og slippe å sitte timesvis i bil-/fergekøer i finvêret)
Dette er òg ein støl eg ikkje har vore på før, ungane har vore der på skuletur og snekkermannen har gjort noko arbeid der, så no var det tid for å dra med meg opp også, 
dvs eg trur det var eg som var primus motor og dei som var vegvisarar.
Ein fin tur, på flott grusveg frå parkering ved hovudvegen og sti siste stykket. 
Gjorde unna nokre høgdemeter fort på så flott veg!
Når vi kom i høgda var det jammen råd å få kjenning med snø òg!

 Veldig flott plass, her skal eg òg garantert tilbake!
Skjønar godt dei som har hytter og støler her. 
Vegen over Gulefjellet skal visst vere ein gamal fedrifteveg mellom Fjordane og Sogn.
Gulefjellet er òg eit flott utgangspunkt for vidare turar til fjelltoppar her,
 eller over til Viksdalen eller til Nydalstølane.






















Sheela er med på tur!

I morgon er det tilbake til jobb, vi avsluttar ein fantastisk flott påske, må finvêret
vare leeeeenge!

Solheimstølen

 Litt bilder frå stølstur på Påskeaften.
Turen gjekk til Solheimstølen i Solheimsdalen som er ein del av bygda eg vaks opp i.
Ikkje så langt heimanfrå, men eg har faktisk ikkje vore på stølen her før, så det var på tide.
Vi pleier alltid å ha oss nokre skiturar i området her i påska, i år var det heilt uaktuellt grunna snømangel, så då passa det godt å gå opp i liene her i staden.

 Ein visstnok mykje fotografert bjørk på vegen opp. I følge kjentfolk er det 
sannsynlegvis "den mest fotograferte bjørka i området" :)
Den har vore brukt av generasjonar her som bakgrunn for foreving av solheimsdølingar, 
så den finnast nok i mange album og skuffar i dalen her!

Familietur
Vi var ein heil liten gjeng som var på tur, tretten personar (og to hundar). Eldstemann i sitt 84 år!
Kjekt med så mange på tur og ekstra kjekt at vi får med dei eldste som har førstehandskjennskap til historie frå stølen, området og vegen opp.

Frå stølen med utsikt til Heilefjellet.

Første turen min til Solheimstølen, men garantert ikkje siste!

torsdag 17. april 2014

God påske-hilsen!

Langt mellom blogginnlegga her med meg no...
Ikkje det at det ikkje vert laga noko (for det ville vore utenkeleg...) 
Men med lysare dagar og fint vêr vert det mindre aktuellt å sette seg ned med pc'en.
Eg er mykje ute og set eg med ned er det helst med eit strikk i hendene, og helst ute i paviljongen. 
Synast fort at det går litt for lang tid når ein skal laste inn bilder, redigere, laste opp og skrive eit
halvvegs fornuftig innlegg....

 Tradisjonen tro har det gått ein pakke i posten til tanteungane i Ålesund til påske.
Vi sjåast ikkje i påska så ein liten oppmerksomhet frå tante er no heilt på sin plass ;)
Kjekt å gje vekk små overraskingar, og det varmar jo ekstra i eit handarbeidshjerte med
 to så herlige jenter som blir så glad for det tante lagar! :)

 Sjølvlaga topp på gåveposene

 Eldre påskemotiv frå Magnolia er børsta støv av og malt med Distress.

 Eit par panneband etter Calorimetry-metoden
Mønster HER





mandag 17. mars 2014

Solskinnskake

 Eg har ingen store planar om å starte matblogging, men alt for den gode sak! :)
Eg kom nyleg over denne utruleg flotte bloggen:
Der kan du finne ein masse gode oppskrifter og inspirasjon  for oss som ønsker å få i oss minst mogleg sukker/karbohydrat!  Det finnast fleire lavkarbobloggar og mange har eg fulgt med på ein stund, men det var noko ekstra med denne som eg fall for!
Ta ein titt, kan verkeleg anbefalast!
Og her kalles maten rett og slett Solskinnsmat!
(Du finn òg Solskinnsmat på Facebook)

 I helga testa eg ut denne solskinnskaken (eller suksessterte om du vil)
I denne består sukkeret av Tagatesse. Det er eit sukker som ikkje gir blodsukkerstigning og som kan brukast av diabetikere, dermed kan dei òg nyte ein god kake med god samvittighet!
(her er heller ikkje mel som gir blodsukkerstignig)
Les meir hos SOLSKINNSMAT.NO
 Eg driv og testar ut litt oppskriftar med Tagatesse då eg ikkje er såå begeistra for sukrinsmaken i bakverk. Synast tagatesse er betre slik. 
Solskinnskaken vart himmelsk og godt motteken i heimen!
(Men eg trur at på neste kake vil det blitt litt mindre mengde med tagatessse, slikt er ein smaksak og må nok utprøvast litt, eg er vand med lite søt mat etterkvart, og klarar meg med litt mindre søtsmak)
For min del vil eg heller ikkje ha mel i maten, så då er dette ein FANTASTISK kake,
 og den var berre kjempegod!
Oppskriften er altså frå Solskinnsmat, eg deler den her hos meg, men originalen finn du HER

(OBS! Oppskriften her er stor, og gir ein høg kake, med mykje fyll! Kan halverast om du vil :) )

Solskinnskake:
Bunn:
300 gram malte mandler.
8 eggekviter
150 gram tagatesse

Pisk eggekvite og tagatesse heilt stiv, ha i dei malte mandlane, 
bland forsiktig inn med slikkepott slik at lufta ikkje går ut .
Ha i rund form.
Steikast på 175 grader i 35 minutter.
La kaken avkjølast

Gul krem:
8 eggeplommer
75 gram tagatesse
2 dl kremfløyte
10 dråper vaniljeessens eller ekstrakt om du har
300 gram romtemperert EKTE SMØR i terninger
Varm forsiktig eggeplommer, tagatesse og fløyte i ein gryte under stadig omrøring. Røren vil då tjukne, ikkje kok for hardt, rør.
Ta gryta til side og rør inn litt og litt smør om gangen til alt smøret er godt innrørt.
Sett kjølig til kaken er kald. Ha så fyllet over kaken og la stå kaldt til servering.
Kaken er fin å fryse ned.


Tusen takk til Ruth-Elin, Solskinnsmat,
for inspirasjon!
-Du leverer ikkje berre solskinnsmat, du leverer òg solstrålar!


søndag 16. mars 2014

Nytt golv

 I samanheng med blogging av fornyelse av kjøkken nemde eg at vi skulle bytte 
golvet òg, no er det gjort, og det vart FANTASTISK! Eit nytt hus omlag!
Vi er  veldig fornøgde, lyst og triveleg og nett som vi ønskte oss :)

Det er utruleg kor rommet og interiør endra seg med det nye golvet!

No vart kjøkkenet komplett!

 
På onsdag var eg ute og gjekk tur med våren som følgesvenn, då vart
 desse med inn, i dag er det ikkje mykje som minnar om vår ute.

 Litt vårlegare inne i dag

 10 cm med nysnø og vinterens første snømann vart laga!
Vi har jo hatt ein fantastisk vinter for dei som ikkje likar snø og glatte,
det har i grunnen vore ein lang, fin vår. Rosene har fått små blad, krokus 
og tusenfryd var byrja å blomstre.....
Men eg har sagt i heile "vinter" at eg er no ikkje for trygg før mars er omme....
Men dette er nok ikkje snø som blir liggande lenge, 
men potterosen må nok halde seg inne ein stund til....


lørdag 15. mars 2014

Bursdagskort

Gløymde å ha med bilde av kortet som var med bursdagspresangen til tanteungen min 
(genser og uglehue)
Ikkje så mange kort eg lagar for tida, så må no klare å blogge det lille som er! ツ
Det måtte no sjølvsagt vere i noko RÅÅÅÅÅSA!
Kombinert med raudt, vart det no litt spreke fargar!

 Stempel er frå Magnolia, som vanleg måla med Distress.
Er litt "tom" på kortsida for tida, så meir avansert vart det ikkje.




onsdag 12. mars 2014

Ut på tur: Mostien

I dag er fridagen min, så då er det kjekt å komme seg ut å gå tur medan det er lyst, i tillegg var det eit flott vêr i dag, og vêrutsiktene framover ser ikkje så fine ut. Då vart det tur på meg og hunden. I dag fall valet på Mostien. Det er ein flott tursti i meir eller mindre flatt terreng i området rundt
 Sunnfjord Museum og Jordbrukskulen, ca 8 km nord for Førde sentrum. Parkering ved musèet. Lengda på heile stien er ca 3,5 km, og den er godt merka. Her kan ein ikkje gå feil, og om ein ikkje ønsker å gå heile er det mogleg å gå avstikkere som kortar turen. Undervegs er det òg laga til mange flotte informasjonstavler og anna" underhaldning"!

 På turen svingar ein innom Stølen. Her er gamle stølshus som er teken vare på. Her kan ein skrive seg inn i gjestebok for Stølen og Mostien.
I dag fekk eg endeleg cashet ein Geocash på Mostien som eg lenge har hatt planar om å få gjort òg!

 Skogbunn er berre såååå flott!!!

 I enden av Mostien ligg vakre Huldefossen, eit landemerke i Førde.

 Synast brua over til Moøyra er så flott, blir så stilig effekt på bilde.

 Huldefossen med litt fotokunsteffekt...

 Sheela venter mens matmor tar bilder...

 Tilbake på museumsområdet



Lang - lang rekke...