søndag 28. april 2013

Ventar framleis på våren...


 Ikkje mykje å skrive heim om her...
-Eg ventar framleis på våren....


-Og medan eg ventar tek eg inn i hus nokre påminningar om kva som kjem...
Her er greinar frå plommetreet som no spring ut -inne, med nydelege små blomstrar


Ikkje særleg fruktbart her inne, men det får heller humlene ta seg av utandørs...
 

Medan eg ventar på denne våren då, ja for her er det alt anna enn vårlig, så er det lett å falle for freistinga til likevel å gå til innkjøp av plantar som altså må lengte ein stund til i vindaugskarmen...

 Desse stemorsblomstrane fekk lov å stå på trappa i natt, men om dei synast noko om det skal vere usagt. Då eg stod opp i dag tidleg (ja, veldig tidleg på ein søndag, kl.06.30) snødde det som berre det!
Det vil eg faktisk ikkje ha noko meir av no!
*
Eg hadde lovd meg vekk til å "sitte i døren" på ein hundeutstilling for å ta i mot betaling og sjekke vaksinasjonskort, mangt ein skal drive tida med tidleg ein søndagsmorgon! Men tidleg opp vart det, og eg skulle ikkje vere lengre enn til tolv, så når eg kom heim att fann eg ut at i staden for å sture over dårleg vêr var det berre å komme seg ut. Og når det likevel er regn og surt kan ein jo ta det heilt ut og sette i gang med meir vatn og sutling!
Det vart fram med høgtrykkspylaren og eit par timars jobbing med å spyle rein alt av natursteinsmurar og steinkantar.
Og no er eg sååå fornøgd med meg sjølv! 
Alt som er gjort av dritt-arbeid i dårleg vêr, betyr meir tid til å sitte i ro og nyte når det er fint vêr! :)

Det er berre å rette blikket framover og tru at SNART vert det ny uteplass,
SNART tid for å ta ut plantar som ventar utolmodigt inne, og SNART spirar det i frøkassen...
Eg får prøve å sjå det positive;
Våren ligg då i det minste FRAMFOR meg! 
Berre ELSKAR våren!

 

2 kommentarer:

  1. Åååååååååå so fine dei blomstrande plommetregreinene er!! So fint so veret var i går... fekk liksom eit lite håp om at no var våren komen, men det var jo ikkje lenge det varte. I dag har det vore "rusje". Du har no laga deg vår inne ser eg, koselig.., da e visst da vi lyt gjere fleire ;)) Blir spennande å sjå uteplassen, vert nok kjempekoselig! Ha ein fin kveld, eller god natt, her er det straks sengetid... Johan skal grytidleg på an...

    Mariann

    SvarSlett
  2. Tusen hjertelig takk for gode ord og koselig hilsener, Anita. Always! :) Tøffe tider, men man får brutalt nok satt ting i perspektiv. Små ting betyr desto mer.. Men det er ikke alltid at man forstår. Det er tøft og det er brutalt. Gode minner har vi heldigvis rikelig av ♥

    Nydelige blomster med deg, Anita. Skjønner godt at du er i vårmodus, iallfall innendørs, he-he. Det gjør godt å ha noe å putle på med og det er alltid kjekt å planlegge og glede seg til lysere tider på mange måter. Ser ut til at dere får dere en flott uteplass, spennende å se hva dere finner på der :)

    Får vårfølelse hos deg. Leser litt og tenker litt på hva jeg skal gjøre med blomster og sånt. Det blir nok ikke noe hage her hos oss nå til sommer'n dessverre, men jeg må finne på noe kreativt i "naturhagen" iallfall :) Elsker planter, blomster og sommerfeelingen utendørs. Det plommetreet ble nesten et MUST nå, hihi.

    Kos deg Anita,
    stor klem - Eli Kristin

    SvarSlett