søndag 15. desember 2013

Huer og førjulstrid...

 Ei hue av restegarn etter diverse andre neonhuer.
Den er strikka i No.1 garnet
Antall masker: 80
Pinne nr: 4mm
Mønster: "Fritt etter vaskeklut"  ツ
Dvs: 1. omgang rett, 2. omgang en rett og en vrang, gjenta disse to omg.
Den vart strikka litt sånn på måfå, men vart straks adoptert av snupp!

Denne er strikka etter vrimønsteret til Litlo & Kalen.
Den var på bestilling frå snupp, og skulle vere litt mindre baggy
slik at den ikkje skulle sige ned i ansiktet under leik og snøaktivitetar.
Har òg strikka inn ein rest refleksgarn i den.

 I dag har vi vore på juletrehenting i skogen heime hos mor.
Lua måtte vere med på jomfrutur, ikkje mogleg å gjøyme seg vekk i skogen med denne ツ

 Ei litt sjokkert snupp meiner at dette treet utgår! ツ
Trur hjorten har kosa seg med dette, og det skal dei få fortsette med!
 Her vert det søkt høgt og lågt etter jultre...
Det vart ein bra lang skogstur på oss og så endte vi opp med det treet vi først såg...
Typisk, men det vart i allefall ein fin liten trimtur. 
Heldige med veret var vi òg, opplett under heile turen.
Det er skikkeleg vått og blautt ute, og ikkje akkurat julestemning lenger, 
for berre ei veke sidan låg det 40 cm snø overalt...
MEN utruleg deilig å komme seg ut i frisk luft i skikkeleg dagslys, 
mens vaskebøtta og alt anna får vente.
Bilde av det rette treet vart det visst ikkje, men det blir sikkert med på bilde etterkvart ツ

Sheela var sjølvsagt med på henting av juletre, ho fekk verkeleg trimma seg i 
blaut skog og mark, og såg ut der etter.... litt skitten...
Det vart rett i bad når vi kom heim!

I veka har vi òg vore på juleavsluttning for elevane på skulen. Dei er som alltid fantastisk flinke, både elevane og lærarane som får til kjempeflotte opplegg år etter år!
I år var tema Putti Plutti Pott. Og dei berre imponerte atter ein gong!

Litt baking må til, og julebrød er blitt sjølvsagt etterkvart.
Oppskriften er etter oldefar som var bakar og det er litt ekstra stas!

 Julelappar har det vorte nokre av i år også. Eg har absolutt
senka krava litt til meg sjølv i år, men litt er det kjekt å lage, og 
så lenge eg lagar ting kun hvis eg likevel har tid og lyst så
er det berre kjekt. Det er utruleg stor forskjell på dèt og å lage 
ting fordi ein MÅ!


 Julekort av den enkle sorten...



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar