fredag 27. desember 2013

Sirkelsokker ✭

 I år har eg ikkje strikka så mange julegåver, men nokre få har det vorte.
Litt huer og så vart det til nokre små sirkelsokkar til ein liten kar.
Oppskrift er etter Jorunn; Heim og hjertero
Eg har brukt garn frå Nille, Alpakka (det blå var visst rest etter noko anna)
Mønsteret er ikkje vanskeleg i det heile, og det gir ein veldig fin effekt!



Ga også vekk nokre tovatøfler, har laga liknande før og dei finn du HER
Pynten er nålefilta på til slutt.
Strikka i Drops Nepal




1 kommentar: