onsdag 1. januar 2014

Nytt år - svunnen tid

På årets første dag vart det ein luftetur med mann, hund og kamera.
Medan andre familiemedlemmmer var oppteken med nyttårskonserten frå Wien,
rusla vi ut i lett regnver og knipsa litt bilete frå heimlege trakter.

Med eit nytt år og blanke ark framfor oss, vart bileta i dag med 
motiv frå det som ligg bak oss og  er spor frå svunnen tid...

"Se deg aldri tilbake"
-vert det sagt, og sunge,
men for meg som er lidenskapeleg oppteken av lokal historie, slekt og
det som ein gong var, eg skulle gjerne kunne sett litt meir tilbake... 
Men det er utruleg spennande å berre studere gamle tufter,
undre seg og la fantasien få leike seg.
Tenk om desse gamle veggane kunne snakke...


På veg inn i eit nytt år, der alt ligg framfor oss.
-og vatnet som rann i elva tidlegare i dag er allereie historie...
*
Med ønsker om eit fantastisk nytt år!
Bruk det godt, hugs at 2014 også vert ein del av historien!



1 kommentar:

  1. Flotte bilder du tek Anita ! Godt nytt år :) Mvh Kjersti Flataker :)

    SvarSlett