søndag 5. januar 2014

Steinansikt

Dette barneansiktet i berget oppdaga eg ved ein tilfeldighet for nokre få veker
sidan, då hadde eg berre med meg mobilkamera, så no var det tid for å 
komme seg ut i dagslys å ta nokre betre bilete.
Utruleg kva naturen får til!
Det ligger tett att med vegen eg til stadigheit går, men denne dagen oppdaga eg det
sånn plutseleg, og synast det er rart eg ikkje har sett det før...
I dag var snekkermannen med, men trur du han såg det?
Nope!
Eg måtte bort å peike og vise og forklare,
og det einaste han såg var ......................ein BAVIAN!
Er det mogleg???
Til slutt såg han kva eg meinte....og no mens eg såg på bilda klarte eg å sjå apen eg òg,
men eg vel å gå for barneansikt!

Biletet til høgre er slik det ser ut frå vegen, titter på oss mellom trestammene!
Eg blei _LITT_ overraska første gong!

To gode venner på tur.
Vi opplever ikkje akkurat nokon vinter her for tida, 
men derimot mildt og fint, og i tillegg tørt, så det er fint å komme seg ut i naturen
for å lufte seg. Men ein skulle ikkje tru vi er i januar...
Det kjekkaste for tida for desse to er gøymeleik.
Sofie gøymer seg og hunden er heilt i hundre når ho får springe å finne ho, og 
det er ho heilt rå på, utruleg kjekt å sjå på!



Mildt og fint  med 8 varmegrader, men også rimeleg luftig på våre kantar om dagen!
På tur hadde vi med vindmålar i dag, den viste opp i 17,4 m/s!
Store variasjonar, for ved huset vårt berre eit par hundre meter herfrå, var det nesten heilt stille!
Leiketøy? -oh yes!


1 kommentar:

  1. Det er noko med auget som ser. Eg ser veldig mykje i naturen, som andre berre ristar på hovudet av. Varmt, fint og vårleg her også;)

    SvarSlett