torsdag 6. mars 2014

Strikka genser og hekla uglehue ღ

 Har det litt travelt for tida, men no såg eg mitt snitt til å få redigert og lagt ut bilder av gåve som vart gitt bort i helga til ei lita frøken. Vel, det er vel ikkje lov å seie lita når ein er blitt 6 år 
og snart er skulejente!
Gensaren er strikka i Drops Alpakka og Drops Kid Silk. Hadde ikkje noko mønster og gensaren vart til undervegs, har vel nesten bare strikka meg rett opp og kobla på armar med raglan felling.

 Etter heklestuntet mitt med OL-hue hadde eg litt blod på tann, då var det berre å smi medan heklenåla var varm. Eg fann fram nokre restegarn av Merino Extra Fine og la i veg med entusiasme!
Eg leita på nett etter noko brukandes mønster til uglelue, det fann eg fint lite av...
Ho hadde laga ei uglelue med forklaring, så eg fulgde denne i grove trekk. Takk Eli! 
Auge, nebb og heklekant rundt vart etter fri fantasi.

Min lille signatur må vere med!


No kjenner eg at heklenåla skal få kvile seg.
Kan ikkje svikte strikkepinnene for lenge, fnis... ツ


4 kommentarer:

  1. Den "lille" frøkna er utrolig heldig som får en genser i en nyyydelig farge samt ei flott uglelue.
    Kjempeflott gave spør du meg:-)

    SvarSlett
  2. Kjempe fin gave til en kommende skolejente :)

    SvarSlett
  3. Eg skjønar godt at frøkena vart fornøgd med ei slik flott gåve. Hua var herlig og gensaren også, fargen var nydelig. Reknar med at fredagskvelden vart vellykka, håpar det kjem bilete! ;-))

    Ha ei super helg!

    Mariann

    SvarSlett
  4. Nydelig farge på gensren og lue er jo bare knallfin! Heldig niese du har osm har en tante som strikker og hekler til henne :-)

    SvarSlett